Julestemninga har sneke seg inn i leiligheta. Vi har satt inn juletreet- og det lukter berre såå godt!
Gran er den beste lukta!
Det blei ikkje serinakaker igår, men cookies med sjokoladebiter ♥ NAM ♥
Dei blei ikkje så fine, men ufattelig gode om eg kan få skryte litt!
Og eg måtte faktisk berre ha sviblar..det er jo så julete! No hadde plantasjen tre for 50!! Eg glømte potter så pynta dei med gråpapir som eg ser så mange andre har gjort! Og det blei kjempefint!
I ettermiddag skal vi på julegløgg hos nåkken venner ♥
Gleda meg!
Her er oppskrifta om du vil prøve desse gode kakene
Cookies
♥
200 g romtemperert smør
300 g sukker
275 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 egg
100 g hakka sjokolade
50 g hakka mandler
- Pisk smør og sukker kvitt med miksmaster
- Ha vaniljesukker og bakepulver i mjølet og bland godt
- Ha i egg og mjølblanding vekselsvis
- Ha i sjokoladebitane og mandelbitane (for hånd)
- Bruk ei teskjei og lag topper på stekebrettet. (ha god avstand mellom kakene)
Stekes på nederste rille i ovnen på ca 200 grader i ca 10 min. (evt 180 grader varmluft i 10 min)
Klem fra meg ♥
(som har lært å lage hjerter av Kalas Mystiske Hjørne)