tirsdag 21. desember 2010

21. desember og tre dagar igjen ♥

Julestemninga har sneke seg inn i leiligheta. Vi har satt inn juletreet- og det lukter berre såå godt!
Gran er den beste lukta! 

Det blei ikkje serinakaker igår, men cookies med sjokoladebiter ♥ NAM ♥




Dei blei ikkje så fine, men ufattelig gode om eg kan få skryte litt!


Og eg måtte faktisk berre ha sviblar..det er jo så julete! No hadde plantasjen tre for 50!! Eg glømte potter så pynta dei med gråpapir som eg ser så mange andre har gjort! Og det blei kjempefint!

I ettermiddag skal vi på julegløgg hos nåkken venner ♥
Gleda meg!


Her er oppskrifta om du vil prøve desse gode kakene
  •     


Cookies
200 g romtemperert smør
300 g sukker
275 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
2 egg
100 g hakka sjokolade
50 g hakka mandler

- Pisk smør og sukker kvitt med miksmaster
- Ha vaniljesukker og bakepulver i mjølet og bland godt
- Ha i egg og mjølblanding vekselsvis
- Ha i sjokoladebitane og mandelbitane (for hånd)
- Bruk ei teskjei og lag topper på stekebrettet. (ha god avstand mellom kakene)

Stekes på nederste rille i ovnen på ca 200 grader i ca 10 min. (evt 180 grader varmluft i 10 min)


Klem fra meg ♥
(som har lært å lage hjerter av Kalas Mystiske Hjørne)

2 kommentarer:

  1. Da eg er inne i ein god "bakestim" for tiden, må eg notera meg oppskrifta ;-) Håpa eg får tid til å teste den ut i romjula. Skal heim til vestlandet til jul, så får ikkje testa ut med det første.

    Takk for koselig helsing hjå meg! Legg meg til som følgar så eg kan fanga opp fleire tips fra deg ;-)

    mvh
    Maria

    SvarSlett
  2. Gleda meg til å smake på kjeksa☺
    Var kjempekoseleg at dåke kom-dåke er to kjekke vesen♥
    ....gløymde gi dåke julekortet :(

    Vi ska kjøpe juletre imåra-og pynte det lille juleafta, tradisjonen tru☺

    Fann du kvite sviblar på Plantasjen?? Eg vil ha det, men fann ikkje :( Mine er ha sett sine bedre daga...

    Tusen takk igjen for besøket og kjeksa♥

    Klem M♥
    ...som har lært deg å lage hjerter♥

    SvarSlett